Skip to main content

Reglar for fellesnaustet

§ 1

For kvart fellesnaust skal årsmøtet i Hareid Småbåtlag velje ein leiar og ein oppsynsmann som saman med nausteigarane fører tilsyn med at naustet og slippen er i god stand og vedlikehalde på ein tilfredsstillande måte.
Oppsynsmannen eller leiaren for fellesnaustet skal ha rett til å ettersjå kvar einskild naustplass. Nøkkelen til slippen kan hentast hjå ein tilvist person, og leiga skal fastsetjast av årsmøtet. Dei som nyttar seg av slippen, skal skrive under på ei erklæring som ein får utlevert saman med nøkkelen til bommen på slippen.

§ 2

Kvart år skal leiaren og oppsynsmannen for fellesnaustet sende skriftleg rapport over arbeid sitt til styret i småbåtlaget, og i god tid før årsmøtet utarbeide forslag til budsjett for komande år.
På grunnlag av budsjettet skal årsmøtet i småbåtlaget fastsetje naustavgifta for året. Leiar skal tilvise alle rekningar til utbetaling ved småbåtlaget sin kasserar.

§ 3

Eigarane/brukarane av naustplassane må til ei kvar tid følgje dei reglane som gjeld for naustet og rette seg etter påbod frå oppsynsmann/leiar som kan påleggje kvar einskild eigar/brukar av naustplassen å halde sin plass ved like og i god orden slik styret i småbåtlaget bestemmer.
Vedlikehald av fellesanlegg skal styret i Hareid Småbåtlag saman med leiaren og oppsynsmannen for fellesnaustet syte for innanfor ramma av budsjetterte midlar. I den grad leiar finn det turvande, kan han kalle inn til dugnad blant eigarane av fellesnaustplassane. Eventuelle kostnader utover godkjent budsjett må godkjennast av styret i Hareid Småbåtlag.

§ 4

Bruk av straum utover det som blir rekna som normalt bruk: t.d. lys, handverkty, lading av batteri o.l. skal betalast av medlem etter skjøn. Permanent varme, bygging (modifisering) av båt er ikkje å rekne for normalbruk. Oppsynsmann/leiar har ansvar for å leggje fram oppgåve til kasserar.