Skip to main content

Reglar for brygger/gjestebrygger

§ 1

Ein eining flytebryggjer/gjestebryggjer skal vere dei bryggjene som ligg i eit naturleg avgrensa hamneområde, og kan omfatte fleire seksjonar og fleire landfeste. Tvilsspørsmål om dette skal avgjerast av årsmøtet i Hareid Småbåtlag.
For kvar eining flytebryggjer/gjestebryggjer skal årsmøtet i Hareid Småbåtlag velje ein leiar og ein oppsynsmann som saman med medlemane skal føre tilsyn med at flytebryggjene/gjestebryggjene til ei kvar tid er i god stand og vedlikehaldne på ein tilfredsstillande måte. Oppsynsmannen skal ha rett til nøkkel til alle landfeste og rett til å ettersjå alle fortøyningsplassane innanfor si eining. Han kan også kome med pålegg til medlemar som etter hans oppfatning, ikkje rettar seg etter laget sine lover og reglar. Medlemane skal i hovudsak gå gjennom leiar for eining flytebryggje dersom ein ønskjer å få lagt noko fram for styret.

§ 2

Leiar for kvar eining flytebryggje/gjestebryggje skal tilvise alle rekningar for utbetaling ved Hareid Småbåtlag sin kasserar. Kvart år skal leiar og oppsynsmann for kvar eining flytebryggje/gjestebryggje avgje skriftleg rapport til styret i småbåtlaget, og i god tid før årsmøtet utarbeide forslag til budsjett for komande år.
På grunnlag av budsjetta fastset årsmøtet i småbåtlaget årsavgifta for kvar båtplass.

§ 3

Eigarane/brukarane av bryggjene må til ei kvar tid fylgje dei reglane som gjeld for flytebryggjene/gjestebryggjene og for hamna. Dei må til ei kvar tid rette seg etter påbod frå oppsynsmannen som kan påleggje kvar einskild medlem å halde ved like sin del av fortøyingar og utliggjarar.
Den del av bryggjene som blir brukte felles, skal oppsynsmannen ordne med vedlikehald av. I den grad han finn det turvande, kan han kan kalle inn til dugnad blant medlemane. Eventuelle kostnader utover godkjent budsjett, må godkjennast av styret i Hareid Småbåtlag.

§ 4

Bruk av straum utover det som blir rekna som normalbruk: t.d. handlampe, boremaskin, lading av batteri o.l. skal betalast av medlemen etter skjøn. Permanent varme om bord er ikkje normalbruk. Oppsynsmann/leiar har ansvaret for å leggje fram oppgåve til kasserar.